Moderne og heimkoseleg kafé

OM HOLMEN MAT OG DRIKKE

Holmen mat & drikke er ein moderne og heimkoseleg kafé og serveringsstad på Spinneriet kjøpesenter i Volda sentrum. Her ønskjer vi å skape ein varm møteplass der både lokale gjestar og tilreisande kan nyte god mat, fersk kaffi og ei triveleg stund.

Bak Holmen mat & drikke står Olga

som gjennom fleire år har bygd opp erfaring med baking, kaker, kafédrift og kundeservice. Det heile starta med kaker på bestilling heime, før ho fekk jobb som kakelagar og medarbeidar hos Geiranger Bakeri. Etter kvart fekk ho meir ansvar som kaféansvarleg, og erfaringa derfrå vart starten på draumen om ein eigen serveringsstad.

Hos oss finn du eit variert utval av heimelaga mat og bakverk. Vi serverer mellom anna italiensk pizza steikt i steinomn, lunsjrettar, sandwichar, salatar, kaker, surdeigsbrød og espressobasert kaffi. Vi tilbyr også catering til møte, selskap og arrangement.

 

For Olga handlar Holmen mat & drikke om meir enn mat. Det handlar om å skape gode opplevingar, møte kundane med ekte varme og sørgje for at alle går ut døra med eit smil.

Vi er stolte av å vere ein del av Volda sentrum, og ønskjer å vere ein stad der folk kan samlast – enten det er for ein kopp kaffi, ein god lunsj, middag med familien eller mat til eit større arrangement.

Velkomen til Holmen mat & drikke.